Dei viktigaste reglane...

Dei viktigaste reglane...

Postby Ankidanki on Fri Nov 16, 2007 2:12 pm

Dei viktigaste reglane her inne er å vere sakleg og tenke over at folk er ulike. Ein kan ikkje forvente at andre skal ha samme meining om ting som deg sjølv. Prøv å vere litt høflege, og husk at folk ALDRI blir ferdig utlært om noko som helst... Vi lærer heile livet, og spesiellt når det gjelder dyr. Det er utruleg mange måtar å gjere ting på, og sjølv om alle ikkje gjer ting heilt likt så er det viktigaste at dyrene har det bra og at vi får til det vi vil med lykkelege dyr rundt oss. :D

Reglane vil bli utvikla vidare ettersom eg ser at det er bruk for dei. Dette vil eg opplyse om i dei andre forumene når endringane blir gjort.

Brukarnamn!
Registrer dere med namnet dykkars! Finnast det andre med samme namn, så kan dere slenge på hundenamn I TILLEGG til namnet, alder, forbokstav i etternamn eller liknande. Eg som administrator står registrert som Ankidanki kun fordi eg faktisk er administrator og det er kennelnamnet mitt. Eg vil imidlertid skrive under med namnet mitt på dei fleste postar (glippar kan sjølvsagt skje for meg som for alle andre).

Skrivemåtar!
Eg er tilhengar av å prøve å skrive så mykje rett som mogleg for å gjere det lettare for andre å lese. Ja, er lov å skrive litt feil i ny og ne, men les helst over svaret ditt ein ekstra gong før du postar så kanskje du ser feil som ikkje burde vere der (eller kanskje innlegget ditt plutseleg høyrast annerledes ut enn det var meint...? :geek: )Difor ser eg helst at dere som er her inne på forumet prøvar å skrive bokmål eller nynorsk. Eg vil helst sleppe å sjå mykje dialekt og sms-språk. Då vil eg sannsynlegvis gå inn og "pirke" litt...

Private postar inne på forum...
Dropp det, enkelt og greit. Har dere noko dere vil seie til ein bestemt person her inne så mail eller send ei privat melding.

Det var dei viktigaste reglane eg kjem på førebels.

Mvh
Administrator Ankidanki.
User avatar
Ankidanki
Site Admin
 
Posts: 8
Joined: Sat Nov 10, 2007 11:19 pm

Return to Reglar

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 1 guest

cron